Vedtekter for Sauda Motorbåtforening
Vedtatt på årsmøtet 3. mars 2026 Siste endringar vedtekne på årsmøtet 3. mars 2026
§ 1. Namn, sete og formål
§ 1.1 Namn
Foreininga sitt namn er Sauda Motorbåtforening.
Initialane er SMBF.
§ 1.2 Sete
Foreininga har sete i Sauda.
§ 1.3 Formål
Foreininga sitt formål er:
å ta vare på medlemene sine behov for gode hamne- og vinteropplagsplassar.
å fremje medlemene sine interesser for båt og maritime aktivitetar, gjennom opplysning og
kurs.
å verke for utbreiing av fritidsbåtlivet som rekreasjon.
å verke for utbreiing av kunnskap om sjøvett og tryggleik.
å samarbeide med både andre private organisasjonar og offentlege styresmakter for å fremje
interessene til båtlivet og båtfolket.
Foreininga sitt formål er ikkje-økonomisk, og eventuelle overskot frå økonomisk verksemd kan, i
den grad dei ikkje blir sette av til framtidig oppfylling av foreininga sitt formål, berre disponerast
utanfor foreininga til tilsvarande formål i regi av KNBF eller andre båtforeiningar som er tilknytte
KNBF og registrerte i Frivilligregisteret.
§ 2. Medlemskap
§ 2.1 Føremålet
Medlemskap i foreininga er ope for alle enkeltpersonar.
Selskap, organisasjonar og foreiningar som er registrerte i Sauda kan vera medlemmar.
Føresetnaden for å vere medlem er at ein er interessert i føremålet til foreininga (SMBF) og vil
respektere foreininga sine vedtekter.
§ 2.2 Busett i annan kommune
Personar som har eigedom i Sauda, men er busette i annan kommune, kan søkje om medlemskap i
Sauda Motorbåtforening med dei pliktene som følgjer medlemskapet. Desse medlemene kan få
tildelt plass i hamna. Dei kan òg få båtplass i eit av nausta dersom det er ledig kapasitet.
Medlemene kan ikkje opparbeide seg ansiennitet i nokon del av hamneanlegget. Dette inneber at dei
alltid må vike plassen for medlemer som er busette i kommunen.
§ 2.3 Føresetnader
Føresetnaden for å vere medlem er at ein er interessert i føremålet til foreininga (SMBF) og vil
respektere foreininga sine vedtekter.
§ 2.4 Leigeavtale
Styret kan, ved ledig kapasitet i hamna, inngå særavtalar med personar og andre om leige av
fortøyingsplass og naustplass, med maksimum eitt års gjensidig oppseiingstid.
§ 2.5 Kontingent
Medlemskap i Sauda Motorbåtforening omfattar kontingent, fast dugnad eller betaling for
manglande dugnad, så lenge ein har båt i naust eller i hamna, eller nyttar nokon av SMBF sine
fasilitetar.
§ 2.6 Passivt medlemskap
Passivt medlemskap omfattar medlemer som ikkje har båt i naust eller i hamna, og som ikkje nyttar
nokon av SMBF sine fasilitetar. Passivt medlemskap gir ikkje ansiennitetsrett til fortøyingsplass i
hamna eller naustplass.
§ 2.7 Æresmedlemer
Årsmøtet kan, etter framlegg frå styret eller minst fem medlemer, med 2/3 fleirtal, velje éin eller
fleire æresmedlemer som i særleg grad har gjort seg fortente av foreininga.
Framlegg til årsmøtet må vere leverte til styret minimum éi veke før årsmøtet.
Æresmedlem er fritatt medlemskontingent.
§ 2.8 Formidling av vedtekter
Vedtekter, hamnereglement og instruksar skal vere tilgjengelege for alle medlemer, gjerne
elektronisk eller på nettsida til foreininga.
§ 2.9 Tillitsverv
Medlemer pliktar å ta imot tillitsverv, men har rett til å nekte attval i like lang tid som dei har
fungert i vervet.
§ 2.10 Plikter
Medlemer pliktar å rette seg etter SMBF sine vedtekter, reglement og vedtak fatta med heimel i
vedtektene.
§ 2.11 Yngre medlemmer
Medlemer under 18 år må ha verje for å være medlem.
§ 2.12 Eldre medlemmer
Medlemmer som er 70 år og eldre er fritatt dugnadsplikt.
§ 2.13 Opptreden og framferd på vegner av Sauda Motorbåtforening
På foreininga sine område og i all kommunikasjon på vegner av foreininga skal det leggjast vekt på
å unngå kommunikasjonsformer, innhald eller medium som kan opplevast som krenkjande,
diskriminerande eller upassande.
§ 3. Leiing
§ 3.1 Styret si samansetjing
Foreininga blir leia av eit styre som består av 6-8 medlemer:
leiar
nestleiar
sekretær
kasserar
2 til 4 styremedlemer
§ 3.2 Valperiode for styret
Styremedlemer blir valde for to år.
§ 3.3 Val av styret
Styret sin leiar og styremedlemene blir valde ved votering på årsmøtet.
Ved stemmelikskap blir loddtrekking nytta.
§ 3.4 Overlapping av styremedlemer
Annakvart år skal leiar, kasserar og 1-2 styremedlemer vere på val.
Dei øvrige styremedlemene er på val det motsette året.
§ 3.5 Styret sine oppgåver
Styret forvaltar foreininga sine anlegg og midlar på ein økonomisk forsvarleg måte, og disponerer
foreininga sin økonomi i samsvar med vedteke budsjett og eventuelle vedtak fatta av årsmøtet.
§ 3.6 Styremøte
Styremøte blir haldne så ofte leiaren eller eit styremedlem finn det nødvendig. Ved stemmelikskap
er leiaren si stemme avgjerande.
§ 3.7 Hamneleiar
Rolla til hamneleiaren er definert i hamnereglementet.
Styret vel ein hamneleiar blant styremedlemene.
§ 3.8 Andre roller
Styret kan peike ut éi eller fleire andre roller og funksjonar i foreininga, som vaktmeistrar, stuarar
og hjelparar. Desse rollene skal definerast i hamnereglementet.
§ 3.9 Talsperson for SMBF
Leiaren eller den leiaren utpeikar uttaler seg på vegne av SMBF.
§ 4. Årsmøte
§ 4.1 Tidspunkt
Ordinært årsmøte blir halde kvart år rundt månadsskiftet februar–mars, på ein dato fastsett av styret.
§ 4.2 Varsling
Styret varslar medlemene minst 21 dagar før årsmøtet. Varslinga skal innehalde frist for å sende inn
saker til årsmøtet. Fristen skal vere minimum sju dagar etter varslinga og minst 14 dagar før
årsmøtet.
§ 4.3 Saker
Framlegg til årsmøtet skal vere leverte til styreleiar innan fristen som er sett i varslinga.
§ 4.4 Innkalling
Årsmøtet blir kalla inn ved skriftleg melding til alle medlemer med kjend kontaktinformasjon,
gjerne digitalt eller via SMS.
Innkalling og alle saker som skal handsamast, skal vere tilgjengelege for alle medlemer på
foreiningslokalet, på nettsida eller sendast til medlemer minst sju dagar før årsmøtet blir halde.
§ 4.5 Årsmøtet sine oppgåver
På ordinært årsmøte blir følgjande handsama:
1. Styret si årsmelding og revidert rekneskap
2. Styret sitt framlegg til budsjett for neste år
3. Endringar i vedtektene
4. Endringar i hamnereglementet
5. Val av leiar
6. Val av styremedlemer
7. Val av valkomité med tre medlemer og leiar
8. Val av to revisorar
9. Fastsetjing av honorar og annan godtgjersle
10. Fastsetjing av satsar for båtplass, naustleige, gjestebrygger m.m.
11. Fastsetjing av minimum tal dugnadstimar per medlem per år
12. Fastsetjing av timesats for manglande dugnad
13. Innkomne framlegg
§ 4.6 Vedtak
Årsmøtet sine vedtak blir fatta med simpelt fleirtal dersom ikkje anna er fastsett.
Ved stemmelikskap er leiaren si stemme avgjerande.
§ 4.7 Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn med minst 14 dagars varsel når styret finn det nødvendig,
eller når minst ti medlemer krev det skriftleg.
§ 5. Eksklusjon og suspensjon
Medlem som ved si framferd vekkjer anstøyt eller forarging, skadar foreininga, misbruker
foreininga eller forbundet sine merke, standard eller flagg, eller bryt vedtektene, kan etter varsel
ekskluderast av styret med alminneleg fleirtal. Eksklusjon og suspensjon kan ankast inn for
årsmøtet. Årsmøtet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje overprøvast.
Handsaming av eksklusjon og suspensjonssaker etter § 5 skal skje i samsvar med instruks vedteken
av årsmøtet.
§ 6. Medlemskontingent
§ 6.1 Fastsetjing av satsar
Satsar for medlemskontingent, naustleige og båtplassleige blir fastsette av årsmøtet.
§ 6.2 Informasjon om satsar
Oversikt over satsar skal hengje på oppslagstavla i kranbua og liggje på SMBF sine nettsider.
§ 7. Endringar av vedtekter og hamnereglement
Endringar i vedtektene og hamnereglementet kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal.
§ 8. Oppløysing av foreininga
§ 8.1 Vedtak om oppløysing
Oppløysing av foreininga kan berre skje ved vedtak på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter at
saka er sendt ut til medlemene saman med innkallinga. Vedtaket krev 2/3 fleirtal.
§ 8.2 Reversering
Reversering av vedtak om oppløysing krev simpelt fleirtal.
§ 8.3 Avviklingsstyre
Ved oppløysing skal det veljast eit avviklingsstyre i samsvar med § 3. Avviklingsstyret har ansvar
for foreininga sine saker fram til endeleg avvikling, inkludert praktisk likvidasjon. Vedtektene elles
gjeld tilsvarande under avviklinga.
§ 8.4 Foreininga sine eigedelar
Foreininga sine eigedelar og rettar skal overførast til eller fordelast mellom éi eller fleire lokale
foreiningar med same eller liknande formål, etter nærare vedtak av årsmøtet.
Dersom det ved oppløysing ikkje finst aktuelle eller villige mottakarar, skal eigedelane nyttast til
same eller liknande formål etter nærare fastsetjing av KNBF.
Foreininga sine eigedelar eller rettar kan under ingen omstende tilfalle eller delast ut til medlemer
eller andre enkeltpersonar.
Hamnereglement for Sauda Motorbåtforening (SMBF)
Vedtatt på årsmøtet 3. mars 2026 Siste endringar vedtekne på årsmøtet 3. mars 2026
§ 1 Ferdsel og opphald
All ferdsel, opphald i og bruk av småbåthamna til Sauda Motorbåtforening (SMBF) skal skje i
samsvar med det til kvar tid gjeldande hamnereglementet for Sauda Havnevesen.
§ 2 Ansiennitet, båtplass og naustplass
Ledig båtplass vert tildelt medlemmar etter ansiennitet, rekna frå dato for innmelding.
Ledig naustplass eller utriggar vert tildelt medlemmar etter ansiennitet, rekna frå dato for
tildelt fortøyingsplass i hamna.
Medlemmar som vart innmelde i SMBF før 17.02.1995, og som ved årsskiftet 2010/2011
nytta retten til naustplass utan å ha båtplass i småbåthamna, får framleis behalda denne
særskilde retten til naustplass.
Eit medlem kan berre nytta ansienniteten sin for éin båt. Dersom ein båt har fleire eigarar,
avgjer eigarane sjølve kven av dei som sin ansiennitet skal nyttast. Dei andre eigarane
opparbeider ikkje ansiennitet i hamna.
Tabell for type båtplass

Styret eller hamneleiar tildeler medlemmane type båtplass og plassering i hamna.
Tenester som vert belasta hamna er definerte i eiga gjeldande prisliste. Dette inkluderer at
hamneavgift vert berekna etter breiddemeter senter–senter utriggar.
Medlemmane skal senda inn standardskjema snarast mogleg i følgjande tilfelle:
før kjøp av ny båt
før endring av båtstorleik
ved sal av båt
Ved sal av båt er tidlegare eigar ansvarleg inntil ny eigar er godkjend som medlem i SMBF
og har fått plass i hamna.
Dersom ny eigar ikkje vert godkjend eller ikkje ønskjer medlemskap, er tidlegare eigar
ansvarleg for at båten vert fjerna, og må dekkja alle kostnader som eventuelt har kome på.
Ved ønskje om endring av plasstype eller plassering i hamna kan dette berre gjennomførast
etter godkjenning frå hamneleiar eller styret.
Styret, ved hamneleiar, kan be medlemmar byta båtplass dersom dette gjev betre utnytting
av hamna.
§ 3 Type båtplass i hamna
Typar båtplassar i SMBF går fram av § 2.
Nøklar og dieselnøkkel skal leverast til kasserar.
Medlemmet er ansvarleg for ettersyn og ordinært, lett vedlikehald av båtplassen om mogleg.
Eventuelle skadar og behov for vedlikehald skal straks meldast til hamneleiar.
§ 4 Båtplass og naustplass
Eit medlem kan ikkje overdraga båtplass eller naustplass til andre.
Båtplass og medlemskap kan overdragast til ektefelle eller sambuar.
Eit medlem som ikkje har båt i ein periode, skal kvart år skriftleg orientera styret om dette.
Medlemmet kan behalda fortøyingsplassen i inntil to år. Styret kan forlengja perioden dersom
særlege omsyn tilseier det.
Styret disponerer plassen i perioden medlemmet sjølv ikkje nyttar han.
Båtar som ikkje er i aktiv bruk kan stå i naust eller på oppstillingsplass i inntil to år.
Medlemmet skal kvart år skriftleg orientera styret om dette. Styret kan forlengja perioden
dersom særlege omsyn tilseier det.
§ 5 Opptak og sjøsetjing av båtar, fortøying m.m.
Alle båteigarar pliktar å halda fortøyingar og fendarar i samsvar med til kvar tid gjeldande
fortøyingsinstruks.
Om hausten skal blåser, tauverk og anna utstyr på båtplassen fjernast. Dersom dette ikkje er
utført, kan det fjernast for medlemmet si rekning.
Tidsrom for opptak og sjøsetjing vert fastsett av styret. Opptak eller utsetting utanom fastsett
tidsrom skal avtalast med hamneleiar eller vaktmann.
Pris for opptak og utsetting utanfor ordinær tid vert fastsett av årsmøtet og betalast til SMBF.
§ 6 Organisering av båtplassane
Styret skal syta for at hamna er organisert slik at ho fungerer trygt og føremålstenleg for
medlemmane.
Styret kan, på bakgrunn av endringar i båtstorleikar, plassering av båtplassar eller andre
tilhøve, omfordela båtplassane.
Større endringar skal fortrinnsvis gjennomførast om våren i samband med utlegging av
båtplassar.
§ 7 Plassering av båtar i naust og på oppstillingsplassar
Stuarane fastset plassering av båtar og utstyr på vegne av styret, i samsvar med gjeldande
reglar.
All hensetjing av båtar eller utstyr skal skje etter tilvising frå stuarane. Brot på dette kan føra
til fjerning og melding til politiet.
Medlemmane sine båttrallar og utstyr kan lagrast i naust om sommaren. Styret fastset kvar
dette skal plasserast.
Alt utstyr og alle båtar skal vera identifiserbare med namn og telefonnummer. Eigaren har
dette ansvaret.
§ 8 Stuarar og hjelpemenn
Styret skal inngå avtale med minst fire medlemmar som er villige til å vera stuarar.
I tillegg skal styret inngå avtale med minst seks medlemmar som er villige til å vera
hjelpemenn.
Ved val av hjelpemenn skal styret òg ta omsyn til at det om hausten og våren er aktivitet i
hamna også i helgene.
Stuarane har ansvar for køyring av kran og truck eller kompaktlastar ved opptak og
sjøsetjing, samt organisering av båtar i naust og på oppstillingsplassar.
Hjelpemenn kan bistå medlemmane når det er behov for personell til betjening av kran eller
truck når stuarar ikkje er til stades.
Liste over stuarar og hjelpemenn skal hengja på oppslagstavla.
§ 9 Ansvarsforsikring
Alle båtar som ligg i hamna skal vera forsikra med ansvarsforsikring. Hamneleiar,
styremedlemmar og stuarar kan krevja å få framvist bevis på forsikring.
Ved opptak og utsetting av båtar skal båteigarar vera førebudde på å visa fram
forsikringsbevis eller kvittering.
§ 10 Ferdsel i hamneområdet
Det skal vera ro og orden i og rundt hamna.
Innanfor småbåthamna skal farten reduserast til lågaste styringsfart.
§ 11 Orden og reinhald m.m.
Hamn, kai, båtnaust og vegen rundt området skal haldast reine og i god orden.
Etter sjøsetjing skal opplagsplassen straks ryddast og reingjerast.
Styret organiserer kvart år reingjering og spyling av nausta.
Alt avfall skal handterast på miljømessig forsvarleg vis.
Medlem har ansvar for å fjerne eige avfall.
Arbeid som støvar må ikkje utførast på ein måte som er til sjenanse for andre.
Varmt arbeid er ikkje tillat i naust.
Det skal vera ro og orden i hamna.
Innanfor moloen er høgaste tillatne fart 4 knop (dorgefart).
Forureining av hamneområdet må ikkje førekoma (olje, septik, søppel o.l.).
Bryggjene skal vera ryddige og frie for reiskap og anna laust utstyr.
§ 12 Hamneleiar
Det daglege tilsynet i småbåthamna ligg under hamneleiar i samsvar med instruks.
Alle medlemmar med båtplass eller naustplass, samt andre som ferdast i hamneområdet,
pliktar å retta seg etter dei tilrådingar og pålegg som vert gjevne av hamneleiar.
Hamneleiar rapporterer direkte til styret.
Usemje knytt til pålegg gjevne av hamneleiar kan ankast inn for styret, men utan at anken
har oppsetjande verknad.
§ 13 Brot på vedtekter og hamnereglement
Sidan hamneleiar har ansvaret for at hamnereglementet vert følgt, og for ro og orden i og
rundt hamna, pliktar kvar båteigar å retta seg etter dei pålegg som vert gjevne.
Medlemmar som medvite ikkje respekterer vedtektene eller hamnereglementet, kan fråtakast
medlemskap i foreininga og visast bort. Slike vedtak vert fatta med vanleg fleirtal i styret.
§ 14 Straum
Ved bruk av straum kan berre godkjende kablar og utstyr nyttast.
Ved vinteropplag i hamna skal godkjende målarar nyttast. Avlesing skjer etter avtale med
styret.
Dersom faste målarar ikkje vert nytta, kan styret fastsetja faste beløp per månad eller
liknande.
§ 15 Bubil- og campingvogn-gjester
Bubilar, campingvogner og tilsvarande gjestekøyretøy skal plasserast på dei angjevne og
oppmerkte plassane.
Desse gjestene har tilgang til sanitæranlegg, vaskerom, vatn og straum.
Ved bruk av straum kan berre godkjende kablar og utstyr nyttast.
Prisane for dette vert vedtekne på årsmøtet.
Det skal parkerast slik at opptaks- og sjøsetjingsrampe alltid er tilgjengeleg.
I perioden for opptak og sjøsetjing av større båtar skal det ikkje plasserast bubilar på sjøsida
av naust og hamnestove.
Siste endringar vedtekne på årsmøtet 03.03.2026.
Tidlegare endringar: 26.02.2021, 26.02.2015, 22.02.2011
Click here to add your own text

